Biogass Oslofjord logo
  • Om oss
  • Nyheter
  • Kunnskapsbank
  • Kart og oversikter
  • English
  • Om oss
  • Nyheter
  • Kunnskapsbank
  • Kart og oversikter
  • English
Biogass Oslofjord > Biogass > Reduserte bompengesatsar for biogasskøyretøy i Oslo: Samferdselsministeren er positiv og vil ha rask avklaring
Artikkel

Reduserte bompengesatsar for biogasskøyretøy i Oslo: Samferdselsministeren er positiv og vil ha rask avklaring

Publisert: 27/05/2019

Samferdselsminister Jon Georg Dale ber Vegdirektoratet så raskt som mogleg sjå på om køyretøy som bruker 100 prosent biogass kan få redusert takst i bomringen i Oslo. – Eg ønskjer ein snarast mogleg løysing for mindre bompengar for næringslivet, seier Dale.

Styringsgruppa for Oslopakke 3 har vedtatt å gi redusert takst til biogasskøyretøy. Styringsgruppa har bedt Vegdirektoratet starte dei nødvendige prosessane for å få til ein slik takstreduksjon.

I brev til Vegdirektoratet i dag ber samferdselsministeren om at Vegdirektoratet innan 11. juni nærare orientere han om kva for opplegg og plan dei har for å få avklart om det er noko til hinder for at forslaget om redusert takst kan gjennomførast.

– Vegdirektoratet skal vurdere korleis redusert takst eller fritak for køyretøy som brukar biogass kan handterast i samband med passering i bomringen. Dei skal sjå på korleis ein kan kontrollere at køyretøya bruker biogass eller anna gass. Eg har også bedt Vegdirektoratet om å involvere lokale myndigheter i arbeidet på egna måte, seier Dale.

(Pressemelding / NTB)

Sist endret: 10/11/2024
Biogass Oslofjord logo
Personvernerklæring
Tilgjengelighetserklæring (bokmål)
Design & utvikling: thepitch.no
  • Om oss
  • Nyheter
  • Kunnskapsbank
  • Kart og oversikter
  • English

Akershus fylkeskommune
Schweigaards gate 4
0185 Oslo (Galleri Oslo)

 

Telefon
+ 47 932 06 156

 

 

 

Til toppen av sidenarrow_upward
Logo
Logo
Logo
Logo